|
Sakshandsamar for støtte er sekretær for kommunalt råd for funksjonshemma i kommunen.
Generelle dokument gjeldane Kommunalt råd for funksjonshemma vert registrert/opprettet i kommunen sitt sak-/arkivsystem, Arkivdel SA-2 - Fullelektronisk saksarkiv. Arkivkode 033 - Styre, råd, utval, nemnder. Ny sak kvar 4. år, følgjer val av kommunestyret. Møtebok med tilhøyrande dokument vert registrert i kommunen sitt sak-/arkivsystem, Arkivdel KRFMB - Møtebok Kommunalt råd for funksjonshemma. Arkivkode 033 - Styre, råd, utval, nemnder. Ny sak kvar år. Rådet er eit samhandlings- og rådgjevande organ for kommunen i saker som angår funksjonshemma sine behov og interesser, og kommunen sitt formelle organ i arbeidet med brukarmedverknad. Det er ikkje mynde for å fatta vedtak i Rådet på kommunale saksområde, men Rådet skal arbeida for at menneske med nedsett funksjonsevne ikkje vert diskriminert og bidra til tilgjengelege og brukarvennlege tenester i kommunen. Kommunalt Råd for Funksjonshemma er eit rådgjevande organ og det vil ikkje gje råd i saker som gjeld enkeltindivid, med mindre saka kan vere av prinsipiell karakter. Rådet tek gjerne imot saker, innspel frå publikum, lag og organisasjonar som ein meiner Rådet bør engasjera seg i. |